Om Vossestølen Hotel


Velkommen til eit lite hotell med heimekoseleg atmosfære, med Oppheimsatnet og vakker natur som næraste nabo. Her kan du nyte fred og ro eller ta del i aktivitetar og friluftsliv like utanfor døra.

Rett utanfor hotellet har me solterasse og eiga strandlinje med brygge og båtutleige. I Oppheimsvatnet er det lett å få fisk. Den flotte naturen innbyr til friluftsliv sommar som vinter. Nokre hundre meter frå hotellet er det stolheis/alpinanlegg, tennisbane og hoppbakkar/plast.

Me tilbyr god norsk mat og god service, trivelege salongar, peisestove og matsal med panoramautsikt. Og alt til rimelege prisar.

  • 29 rom enkel/dobbel/trippel, alle med dusj og toalett.
  • Matsal med panoramautsikt.
  • Bar med alle rettar.
  • Ny konferanseavdeling med moderne utstyr.
  • Salongar og peisestove.
  • Gode kommunikasjonar på stamvegen aust-vest. 1/2 time frå Voss. Omtrent 2 timar frå Bergen med bil.
  • Turterreng, skianlegg og fiske.